Halloween er det engelske navnet på allehelgensaftan, natta før allehelgensdag. Halloween har utvikla seg til ei høgtid der ein tek for seg dødem og skumle idear i form av utkleding og pynt. Halloween blir som regel feiret 31 Oktober.
Til halloween knyter ein ofte skumle eller makabre element, som hekser, attergangarar, skjelett, flaggermus og svarte kattar. Det viktigaste symbolet er blit jack-o'-lantern, eit graskar med utskore sfjes og eit levande lys inni. Det er vanleg å kle seg ut, gjerne som noko skremmande, og halda selskap i samband med halloween. Særlig i USA er det vanleg for små ungar å gå husimellom og be om godteri, ein kan også brenna bål, dukka hovud etter eple, vitja skremmande attraksjonar eller sjå skumle filmar.
Ordet «Halloween» eller «Hallowe'en» kan tidfestast skriftleg til
rundt 1745. Ordet er avleitt frå det skotske uttrykket for All
Hallows'Eve, dagen før allehelgensdag. På skotsk er ordet for eve
(aftan) even, og samantrekt blir det e'en eller een.